Vikarskribentassisten berettar
Sidan Brita har vore så slapp med oppdatering av blogg i det siste, så er det vel på tide det blir tatt tak i av assistenten. Det har faktisk gått både vinter og vår sidan sist (fleire gongar..), men mest av alt har det vore påske. Meir om dette seinare i innlegget.
Først må eg nemne at, som Sjefen nemnde i sitt forrige innlegg så fekk vi besøk av Ragnhild og Håkon. Dette hende altså kvelden etter historia om nattevakter. (Her prøvar skribenten å få ein slags kontinuitet i innlegga sjølv om tida har trekt ut. Om dette er vellykka eller mest forvirrande er ikkje godt vite. Det er iallfall forvirrande at han ikkje held seg til emnet.) Når dei kom så var vinteren plutseleg på besøk, så når Brita var opptatt med å skrive blogg-innlegg sat assistenten i bilkø saman med veldig mange andre i eit par timar. (No gjer han det igjen.. skriv om andre ting enn han skal fortelje om..) Altså, Ragnhild og Håkon var på besøk, og vi hadde det veldig triveleg. Vi spelte både settlers og fantasi og åt sjokoladefondant. Vi var også på tur og hadde besøk av Mari frå Molde. Laurdagskvelden var vi og såg drageløparen på kino og åt smågodt frå Kremmerhuset. (ca. 200m med smågodt der ja, litt reklame...) Ein bra film som eg kan anbefale om du ikkje allereie har sett han.
Etter å ha skyssa gjestane våre på flyet så gjekk den påfølgjande veka med til å førebu påskeferie, og fredagen så susa vi oppover Vestlandet med ski på taket og appelsiner i sekken. Meir eller mindre tilfeldigvis så kappkøyrde vi med Jogeir og Solveig oppover og fekk nok tid med å vente på ferger til at vi fekk planlagt å gå på tur. Turen gjekk til Høghornet (ca. 1470 moh) i godt påskever. Appelsinene i sekken vart fortært, og knea skjelvne. Sidan vi er veldig helsebevisst og har lært av erfaring så
Appelsiner, sol og blide åsyn
Når vi hadde svinga oss ned fjellsida med strålande skiføre så snudde veret, og når vi neste gong forlet huset måtte det måkast ein halv meter nysnø frå bilen. Veret vart ikkje betre før langfredag, og då fekk vi vel ikkje utnytta det heilt, men det skal det vel eigentleg berettast om seinare.Vi tok turen til Kornberg etter å ha ete oss gode og mette på kaker og påskelam og alt ein kan attrå. (Veldig flink til å kome med antatt gløymde uttrykk frå norsktimane her, journ.anm.)
Bjørk og Bjørke på Folkestadsetra
Fredagen vart det altså bra ver igjen, men då var tida koma for at vi skulle vende tilbake til storbyen. Sjefen var så heldig å få lov å jobbe resten av påska, så då passa det strålande at veret vart fint... Påskeaftan tok vi ein tur inn på Kvamskogen og gjekk ein times tid i langrennsløypene. Dette var såklart mest ei unnskyldning for å kunne stikke innom Elisabeth på hytta. Ho og Ole Ragnar diska opp med middag og muffins når vi kom, og heldt oss med godt selskap utover kvelden. Her må det nemnast at det tydelegvis er tradisjon med fyrverkeri på Kvamskogen påskeaftan, så når vi gjekk derifrå og snøen igjen hadde byrja falle frå himmelen så var det nesten som nyttårsaftan, berre utan akebrett ;-)
No har visst skribentassistenten ikkje så mykje meir å berette. Det har forsåvidt vore både vinter og vår sidan påskeaftan også, men ikkje mange store hendingar å skrive heim om. Sjefen skal på nattevakt igjen til natta, så vi er spent på korleis det går med alarmar og slikt no når vi nettopp har stilt klokka og greier.
Gje gjerne tilbakemelding på innlegget, om stil og innhald og så bortetter.
- Gjestevikarassistenskribent Audun -

4 Comments:
Veldig bra, veldig bra!
Ej trångde ei oppdatering no, her ej set å ska prøve å skrive ferdig mi eminente oppgåve om trykksjakter og svingekammer.
Stilen va upåklageli å innhaldet innhaldsrikt!
So slik æ no dæ, jaudå :)
når skal du lære audun..
den gong då, kvar gong når!!!
hvor kan man leie slike vikarskribentassistenter? jeg innså nettopp at jeg trenger en selv...
Jippi!
Endeli omtalt på internette i Bergen å! Veldi dykti gjesteskribent, må jæ si. Arti lesing hær jæ sitter å ventær på at folk ska bli færie me sjakkpartia sine.
Legg inn en kommentar
<< Home